Rosendal Skulekorps
 • Nyhende    • Medlemmar    • Styret    • Historikk    • Terminlisten    • Korpsinfo    • Bilete    • Lenker    • Medlemside     • Gjestebok    • Hjem  

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 164 957

 

 



Jubileumstur til Sverige

Rosendal Skulekorps feirer 50 år med jubileumstur til Sverige. Her er Vilde Skåles reiseskildring.

Sverige tur med korpset Juni 2011

Dag nr 1(mandag):
Korpstur er alltid like kjekt :)
Den begynte med buss i utallige timar som gjekk heilt greit på grunn av den gode stemninga. Vi steig ombord på Colorline i Sandefjord og det var nok av energi i alle mann etter den lange bussturen. Colorline var ein flott båt med mange forskjellige butikkar, men det var nok tax freebutikken som fekk fyrste plass blant favorittane. Frå Strømsted var det ca. tre timar til med buss før vi ankom Varberg. Den fyrste kvelden blei brukt til å sjekke inn, og sjå oss litt omkring på hotellet.

Dag nr 2 (torsdag):
Denne dagen starta med guidetur i Varberg. Vi hadde leigd inn ein guide som viste oss rundt i Varberg og fortalte litt om Varbergs historie, blant anna om Varbergs festning og om spøkelsa som fantes der. Under guidinga gjekk vi forbi eit symjebasseng som vart kalla Simstadion, det var oppvarma saltvatn som freista oss alle etter den lange reisa dagen før. Etter ein forfriskande badetur kunne vi ikkje gje slepp på morroa så vi spelte ein runde minigolf. Vi gjekk heim att til hotellet og fekk låna eit møterom for å øve litt. Resten av den dagen gjekk av til avslapping og kortspel.

Dag nr 3(fredag):
Dette var dagen då vi skulle framføra vår fyrste konsert under midtsommarfestivalen og maistang feiring. Vi kledde på oss uniformen og møttest utanfor inngangen til hotellet for å gå samla ned til ''sentrum'' . Vi spelte alle stykka våre og mens vi spelte den rolige og fine songen kjærleikssong begynte kyrkjeklokkene og slå i takt, saman høyrdes det sikkert ganske fint ut. Etter konserten gjekk vi til hotellet og la frå oss instrumenta. Vi gjekk ned igjen til sentrum for å ete pizza som vi hadde blitt spandert på av kommunen, vi fekk ein pizza til kvar og hadde mange pizzaer igjen som vi hadde til lunch dagen etterpå. Når vi var mette og gode var det tilbake til hotellet , hente instrumenta og ned til ein park for deretter å marsjera inn i parken til maistangfeiring. Vi spelte nokre stykker og etterpå var det dansing rundt maistanga, alle blei invitert til å lage ringar rundt stanga, men det var berre dei TØFFASTE frå korpset som turde å dansa med svenskane. Etter dansinga spelte vi dei siste nummera og gjekk heim til hotellet for å slappa av, trudde vi. Då vi frå rom 228 kom ut i matsalen for å henta te var det bestemt at dei som ville kunne vera med i Simstadion og bada for det var så kjekt der. Bokstavligtalt sprang vi inn på rommet, pakka og sprang eit godt stykke mot simstadion for å nå igjen dei andre. Då vi kom fram sto gutane og venta på oss og vi blei kjempeimponerte, men så viste det seg at bassenget stengte om ein halv time og det var grunnen til at dei venta....... Vi gjekk til glashuset og kjøpte is og spelte heller ein runde golf til.

Dag nr 4 (lørdag):
Den dagen skulle vi til Liseberg og spela utanfor inngongen. Vi kjørte buss i vel ein time og gjorde klart til å spela. Vi spelte eit par stykker før det kom eit anna skulekorps som stod og høyrde på oss, det var då det gjekk galt. Dirigenten sa Toitoi og alle tok opp Toitoi vi gjorde oss klare og uten å tenkje seg om begynte ein musikant på Tokah og hadde ein plan om å visa det andre skulekorpset kva Rosendal skulekorps kunne, men det vart ikkje så vellykka som planlagt. Utenom den vetle feilen spelte vi ein ganske fin konsert bl.a. soloen til Julie. Etter konserten og den uplanlagte soloen fekk vi pizza restane til lunch og nesten alle var klare til å gå inn i Liseberg for å ta karusellar/berg og dalbane(ikkje alle som likte å ta karusellar). Det var mange tøffe, kjekke og ikkje minst skumle karusellar/ berg og dalbanar der. Dei kjekkaste var uten tvil Balder og Kanona, og den skumlaste var spøkelseshuset. Det var fleire frå korpset som vann kilovis med sjokolade.
Vi kom heim på hotellet og det var fleire som spelte kortspelet fight. Vi hadde og ein fin avslutting til Anders som var dirigenten vår for siste gong i Sverige og for Vegard som vart pensjonert.

Dag nr 5 (søndag):
Heimreisedag, bussen gjekk kl 09.00, vi var heime ca kl 22.30, det var trist turen var over, vi gler oss kjempemykje til neste tur :) Tusen takk for turen :))

Vilde Skåle

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Rosendal Skulekorps, Postboks 159, 5486 ROSENDAL