Print this page
Korpstur til Danmark

Rosendal Skulekorps var på tur til Danmark sommaren 2014.

Dag nr 1 ( laurdag 21 juni ) Den lange bussturene begynte 07:30 frå Rosendal. For mange var det ganske tidlig, men alle klarte å koma i tide. Bussturen varte ca i 8 og ein halv time. Men det føltes ikkje slik, fordi alle er i godt humør heile turen. Vi var framme i Oslo ca 16:00, og då va vi ganske leie av å kjøre buss, då gjekk vi inn på ferja med ein gang. Vi åt fellesbuffet på ferja og etter det fekk vi lov å gjera det vi hadde lyst til.kl.23.00 gjekk vi til ro.

Dag nr 2 ( søndag 22 juni ) Vi måtte stå tidlig opp for å eta frukost kl 8:00. Båten la til Kai 09:45 og då va da berre ein ca 45 min lang kjøretur til Metalskolen i Slangerup. På Metalskolen åt vi lunsj og middag, og hadde øving, men ellers fekk vi lov å gå å sjå oss rundt. Alle måtte vera på plass på hotellet 22:00 og vi gjekk og la oss 23:00.

Dag nr 3 ( mandag 23 juni ) Den dagen reiste vi på utflukt til Kronborg slott. Når vi kom fram spelte vi utenfor ein restaurant som var på festningen. Etter vi var ferdig å spela fekk vi omvisning av Trygve inne på festningen. Og når vi var ferdig på Kronborg hadde vi 1 time til å gjera det vi ville på eit kjøpesenter. Når vi kom tilbake til hotellet åt vi middag og hadde siste øving/oppvarming før vi reiste ned til Bellevue Strand for å spele siste konserten med Franz. Denne konserten var ein av den beste vi korpset har spelt på lenge, og vi imponerte danskane.

Dag nr 4 ( tirsdag 24 juni ) Den dagen sku vi reisa på tivoli i København. Bussen kjørte 10:00 frå hotellet. Når vi kom inn på tivoliet fekk vi ein felles møteplass, og så var det bare til å går der du ville. Det var denne dagen vi fant ut at Franz ikkje var noko pingla når det gjeld karusellar. Trur det var mange som hadde det gøy, og prøvde nye ting dei ikkje hadde trudd dei skulle våga. Det er alltid trist å reisa frå tivoli når du ikkje har fått prøvd alt du ville, men når du er på korpstur går det nesten ikkje an å bli trist. Når vi kom tilbake til hotellet ca 16:45 fekk vi middag og hadde aktivitetar (bading, quiz og biljard).

Dag nr 5 ( onsdag 25 juni ) Den dagen var den siste vi hadde i Danmark for denne gang. Vi reiste frå Metalskolen 10:00 til København på sightseeing. Vi reiste først bort til Den Lille Havfruen, og etter det reiste vi bort til slottet. Når vi var ferdig på slottsplassen kjørte Einar oss bort til inngangen til tivoliet, og så kunne vi gå der vi ville. Nokon gjekk på shopping mens andre gjekk på restaurant og åt så masse at dei nesten ikkje klarte dessert. Vi gjekk om bord på ferja 16:00, og åt middag 17:00. Seinare på kvelden i 21:00 tio hadde vi den sisste quizen på turen, då hadde vi hatt 7-8 quizer på heile turen.

Dag nr 6 ( torsdag 26 juni ) Denne dagen gjekk bussen frå Oslo ca i 10:00 tio, og vi har heima ca 17:30. Det var trist at turenvar over for denne gong og at vi måtte sei hade te Franz. Men eg gler meg allerede til neste korpstur.

Mette Enes.

Bilder finner du her.